Åse Nygård (fødd 1955) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho spelte 76 landskampar og skåra 96 mål for Noregs landslag frå debuten i juli 1978 til januar 1984. Nygård var aktiv i Sverresborg IF i tida 1975-88.

Nygård spelte på Charlottenlund SK til 1975. Ho melde seg så inn i Sverresborg IF, eit mannskap som då var på veg mot toppen i norsk kvinnehandball. I 1983 var ho lagets toppskårar då byrival Freidig vart slått i NM-finalen. Tre år seinare vann Sverresborg og Nygård i 1986 seriemeisterskapen.

Kantspelaren deltok i Handball-VM 1982, der Noreg vart nummer 7.

Kjelder endre