Åsvær fyr ligg i Dønna kommune i Nordland. Fyret ligg på holmen Andersbakken nordaust i øygruppa Åsværet. Fyret vart oppretta i 1876 og har eit 18,5 meter høgt støypejernstårn. Den første fyrbygningen vart skadd av orkan både i 1880 og 1883. Ein storm i 1889 knuste uthus og naust ved fyret. Eit uver nyårsnatta 1917 gjorde så store skader på fyrbygningen at han vart kondemnert, og eit nytt fyrtårn vart bygd 100 meter lenger bort på holmen. Ruinen av den gamle fyrbygningen står enno. Fyret vart automatisert og avfolka i 1980.

Åsvær fyr

Bakgrunnsstoff og kjelder endre

66°15′47″N 12°17′48″E / 66.26306°N 12.29667°E / 66.26306; 12.29667