Île d'Yeu
Île d'Yeu er ei øy utanfor kysten av Vendée i Frankrike. Ho har to hamner, Port-Joinville og La Meule, som ligg i ein nesten lukka fjordarm langs ein vill granittkyst, og er kjend for tunfisk- og krepsefiske.
Fleire kjende målarar kom til Île d'Yeu, som Jean Rigaud (1912-1999), offisiell målar i den franske marinen som hadde hus der, og venen hans Maurice Boitel (fødd 1919).
Tang som veks her vart studert av den franske havforskaren Françoise Ardré.
Philippe Pétain, leiaren av det franske Vichy-regimet under andre verdskrig døydde på øya i 1951, og vart gravlagd her.
Administrativt er Île-d'Yeu ein kommune i departementet Vendée.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- yeunet.com (på fransk)