Îlots de Guébriant

Îlots de Guébriant er to småøyar vest for Den antarktiske halvøya, nord i Marguerite Bay, som ligg 5 nautiske mil (9 km) søraust for Cape Alexandra, det søraustlege neset på Adelaide Island. Dei vart oppdaga under Den franske antarktisekspedisjonen 1908–1910 under Jean-Baptiste Charcot og vart namngjeven av han etter Jean Budes de Guébriant, som var ein fransk katolsk misjonær som reiste til Kina.[1]

Îlots de Guébriant
øy
Dei vesle Îlots de Guébriant (ved pila) sett frå Rothera Point på Adelaide Island. Den større øya til høgre er Jenny Island.
Land  Antarktis
Koordinatar 67°48′S 68°25′W / 67.800°S 68.417°W / -67.800; -68.417
Kart
Îlots de Guébriant
67°48′00″S 68°25′00″W / 67.8°S 68.4167°W / -67.8; -68.4167
Îlots de Guébriant is located in Antarktis
Îlots de Guébriant (Antarktis)

Øyane vart kartlagde av Falklands Islands Dependencies Survey (FIDS, føregjengaren til British Antarctic Survey) i 1948. Dei vart kartlagde på ny av Royal Navy Hydrographic Survey Unit i 1963[2][3].

Begge øyane er langstrekte og strekkjer seg frå nordaust til sørvest. Den mindre (nordlegaste) av dei to er kring 500 meter lang og 200 meter brei og det høgaste punktet er 92 meter over havet[4][5]. Den sørlege øya er om lag like brei men er kring 1100 meter lang og mykje lågare. Mellom øyane ligg eit kring 200 meter breitt sund. Om sommaren vert dei nesten isfrie. Kring 1 km sørvest for øyane ligg Mission Rock, som òg er kalla opp etter misjonæren de Guébriant.

Argentina, Chile og Storbritannia har alle gjort krav på Îlots de Guébriant som ein del av kravområdet deira i Antarktis.

På klåre dagar kan ein sjå Îlots de Guébriant frå Rothera forskingsstasjon, ein avstand på kring 28 km.

Kjelder

endre
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. juli 2011, henta 18. oktober 2012 
  2. http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=109132
  3. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=154:3:4412732919782631::NO::P3_ANTAR_ID,P3_TITLE:6117%2CGu%C3%A9briant%20Islands
  4. http://www.antarctic.ac.uk/apc/namemap.html
  5. British Antarctic Survey topographic map (Satellite Image Map) SQ 19-20/14 (Extended), Edition 1, 2010, Adelaide Island and Arrowsmith Peninsula, Scale 1:250,000

Sjå òg

endre