Øye-steinen
Øye-steinen er ein runestein frå Øye kyrkje i Vang kommune i Oppland.
Steinen er første gong skildra av sokneprest Thomas Stang omkring 1835, og han oppgav då at steinen hadde lege over ei grav på kyrkjegarden. Steinen vart undersøkt av Sophus Bugge i 1865, og året etter vart han frakta til Universitetets Oldsaksamling. Han er i dag magasinert ved Kulturhistorisk museum. Steinen er sannsynlegvis frå 1300-talet.[1] Innskrifta er:
- her:huilir:þora:moder:eirix:prest:pater:noster:
På norrønt vert det: Hér hvílir Þóra, móðir Eiríks prest sin. Pater noster.
På moderne norsk vert det: «Her kviler Tora, mor til Eirik prest. Fader vår.»
Runene vert daterte til byrjinga av 1300-talet.
Referansar
endre- ↑ Michael P. Barnes (2012). Runes: A Handbook. Boydell Press. s. 102. ISBN 9781843837787.
- Denne artikkelen bygger på «Øye-steinen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2019.