Øyfjorden i Hasvik

fjord i Hasvik i Finnmark

70°32′1.7628″N 22°38′2.0256″E / 70.533823000°N 22.633896000°E / 70.533823000; 22.633896000

Øyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hasvik
Kart
Øyfjorden
70°32′02″N 22°38′02″E / 70.533823°N 22.633896°E / 70.533823; 22.633896

Øyfjorden (samisk Duorppalvuotna) er ein fjordSørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6,5 km nordover til Nordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Fuglberget i vest og Ramnes i aust. Det ligg fleire holmar i fjorden og den største av desse er Øyfjordholmen med ei lengd på 1,1 km. Inst i fjorden deler han seg i tre vågar. Sørbotn ligg lengst vest, Midtbotn ligg i midten og Nordbotn, den djupaste av dei, ligg lengst aust. Fjorden er 118 meter på det djupaste, nesten ute ved munningen.