Üechtland
Üechtland er ein region vest i Sveits, der byane Bern og Fribourg ligg.
Namnet på regionen er ikkje lenger i bruk i dag, men vart nytta for å skilje Fribourg (tysk Freiburg im Üechtland) frå Freiburg (eller Freiburg im Breisgau) i Tyskland. Gamle dokument nemner òg Bern im Üechtland eller Verona im Üechtland, der Verona, er det latiniserte namnet på Bern, for å skilje Bern frå Verona i Italia (på tysk historisk kjend som Bern, og stundom Wälsch-Bern).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Üechtland» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.