Osaka

(Omdirigert frå Ōsaka)

Osaka er den tredje største byen i Japan. Byen ligg på Honshu ved munningen til elva Yodo i Osakabukta. Byen er det administrative senteret i Osaka prefektur i regionen Kansai. Osaka er eit av dei viktigaste industriområda og hamnebyane i Japan.

大阪市, Ōsaka-shi
Flagget til Osaka
Flagget til Osaka

Kallenamn
«Nasjonens kjøken»
Styresmakter
Land
Region
Prefektur
Japan
Kansai
Osaka prefektur
Borgarmeister Ichirō Matsui
Geografi
Flatevidd 223,000 km²
Flatevidd
 - By

222,11 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

2 636 256
  11 869/km²
17 456 789
Koordinatar 34°41′37″N 135°30′7″E / 34.69361°N 135.50194°E / 34.69361; 135.50194
Diverse anna
Heimeside: https://www.city.osaka.lg.jp/
Nettstad: www.city.osaka.jp
Plassering

Osaka vert ofte kalla «nasjonens kjøken» (天下の台所 tenka no daidokoro) og har historisk sett vore det kommersielle senteret i Japan, og storbyområdet Osaka-Kobe-Kyoto er det nest største i Japan med 18,6 millionar innbyggjarar[1] etter Stor-Tokyo, som har 37,7 millionar. Sjølv om Yokohama er ein større by enn Osaka, kan han ikkje måle seg med storbyområdet til Osaka, og har berre om lag 5 millionar innbyggjarar.

Eit uvanleg forhold i Osaka er forholdet mellom folketalet på dag- og nattestid på 141 %[2], noko som viser Osaka si økonomiske og kommersielle rolle. Medan folketalet på natta er om lag 2,6 millionar, er det på dagtid 3,7 millionar menneske i byen. Berre Tokyo har fleire.

Bydelar endre

Osaka har 24 bydelar:

Kjelder endre