Šabac
Šabac (kyrillisk Шабац) er ein by og ein kommune i Serbia langs elva Sava i den historiske regionen Mačva. Han er det administrative senteret i distriktet Mačva. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, medan kommunen har om lag 105 000 innbyggjarar. Byen fekk byrettar i 2007 etter ei avgjersle i nasjonalforsamlinga i Serbia.
Šabac Шабац | |||
---|---|---|---|
Det sentrale torget i Šabac | |||
| |||
Styresmakter | |||
Region Distrikt |
Šumadija og vestlege Serbia Mačva | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 795 km² | ||
Flatevidd - By |
795 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2022) - Byområde |
105432 51163 | ||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 15000 | ||
Bilnummer | ŠA | ||
Heimeside: www.sabac.org | |||
Plassering | |||
Historie
endreDen første busetnaden her går tilbake til mellomalderen, og han vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1454 som Zaslon. Han var ein del av den slaviske serbiske staten fram til området vart underlagt Det osmanske riket. I 1470 bygde tyrkarane den første festninga i byen og kalla han Bejerdelen. I 1476 okkuperte den ungarske kongen Matthias festninga og han verande under Ungarn fram til 1521. Festninga kom igjen tilbake til Det osmanske riket, men med ei forholdsvis viktig plassering, vart ho fleire gonger erobra av Austerrike. Grensebyen var òg viktig for handel i området.
Byen vart viktig i serbisk historie i det første serbiske opprøret i 1806. Dette året leia Karađorđe Petrović serbiske opprørarar til ein av dei første sigrane over den tyrksie hæren nær landsbyen Mišar, som ligg nær Šabac. Familien Obrenović har òg sett sitt preg på byen. Jevrem Obrenović, bror til fyrst Miloš Obrenović, moderniserte og urbaniserte byen etter det andre serbiske opprøret. I den første tida, frå 1820- til 1840-åra, vart dei første sjukehuset, apoteket, skulen, gymnaset, teateret og musikarsamfunnet bygd i Šabac.
Tyrkarane forlet til slutt festninga i Šabac i 1867. Den første avisa i byen vart trykt i 1883 og byen vart den første staden i Serbia der kvinner fekk vitje kafeane. Byen blømde fram til den første verdskrigen, då han vart kraftig øydelagd og folketalet vart halvert til om lag 7000. Byen er hugsa for slaget på fjellet Cer i nærleiken, der den serbiske armeen under Stepa Stepanović vann ein tidleg siger mot Austerrike-Ungarn i august 1914, den første allierte sigeren i krigen. Etter krigen vart Šabac æra med den franske krigskrossen med sigerspalme (1920), den tsjekkoslaviske krigskrossen (1925) og Karađorđe-ordenen si stjerne med sverd (1934).
I perioden under det sosialistiske Jugoslavia utvikla byen seg vidare. Den kjemiske fabrikken Zorka opna i Šabac i 1938. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Nazi-Tyskland. 5000 innbyggjarar frå byen vart sett inn i Šabac konsentrasjonsleir, i lag med 20 000 fleire, og rundt 7000 menneske mista livet her. Byen vart til slutt frigjeven av partisanar i 1944.
Etter den andre verdskrigen voks Šabac til ein moderne industriby rundt den kjemiske fabrikken Zorka.
Befolkningsutvikling
endreÅr | Folketal[2] |
---|---|
1948 | 75 096 |
1953 | 82 414 |
1961 | 94 866 |
1971 | 107 143 |
1981 | 119 669 |
1991 | 123 633 |
2002 | 122 893 |
2011 | 115 884 |
2022 | 105 432 |
Busetnader
endreDei største busetnadane i kommunen er:[2]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Šabac | 55 163 | 53 919 | 51 163 |
Majur | 6 854 | 7 031 | 6 664 |
Pocerski Pričinović | 5 992 | 6 465 | 6 365 |
Jevremovac | 3 310 | 3 408 | 3 390 |
Prnjavor | 4 464 | 3 931 | 3 324 |
Mišar | 2 217 | 2 200 | 2 048 |
Lipolist | 2 582 | 2 221 | 1 883 |
Štitar | 2 285 | 2 037 | 1 781 |
Drenovac | 2 345 | 2 035 | 1 576 |
Galleri
endre-
Serbske orthodokse kyrkje, sentrum Šabac
-
Šabac, kongerike Serbia, 1904
-
Biblioteket i Šabac
-
Hotel i Šabac
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Šabac» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
Referansar
endre- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.