Ţuică
Ţuică (òg stava tuica, tzuika, tsuika, tsuica, eller tzuica) er eit tradisjonelt rumensk brennevin med 45-60 % alkoholinnhald (vanlegvis 52 %). Rumensk sprit blir ofte laga av frukt, og tuică er det offisielle namnet når han blir laga med plomme. Når ein har brukt anna frukt bruker ein i staden ordet rachiu eller rachie.
Drikken blir tradisjonelt servert før kvart måltid, og er òg eit innslag i mange rumenske høgtider.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ţuică» frå Wikipedia på svensk, den 9. november 2022.