Żabbar
Żabbar (maltesisk Ħaż-Żabbar) er den fjerde største byen på Malta med 14 671 innbyggjarar (2005). Han var opphavleg ein del av Żejtun, men Żabbar fekk tittelen Città Hompesch av den siste stormeisteren i Maltesarordenen på Malta, Ferdinand von Hompesch zu Bolheim. Stormeisteren gav etternamnet sitt til byen, som framleis vert nytta til ære for han.
Żabbar | |||
---|---|---|---|
Kyrkja i Żabbar | |||
| |||
Motto «Città Hompesch» | |||
Styresmakter | |||
Land Øy |
Malta Malta | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 5,3 km² | ||
Flatevidd - By |
5,3 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
14 671 2 743/km² | ||
Koordinatar | 35°53′N 14°32′E / 35.883°N 14.533°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://localgovernmentdivisioncms.gov.mt/en/lc/Zabbar/Pages/default.aspx | |||
Plassering | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Żabbar» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2008.