‘ereb
Det hebraiske ordet ‘ereb tyder 'aftan' eller 'blanding', og kan visa til tida like etter solnedgang eller kvelden eller store delar av dagen før ein jødisk høgtidsdag.
Definisjonar av nøyaktig kva tid ‘ereb fell kan vera tussmørker når lyset blandar seg med mørkret, når kveldsvinden bles, eller når mørket fell. I seinare forklaringar nemner ein tidspunktet der ein kan sjå stjerner.
Kveldsskikkar
endreEttersom solnedgang skil dagane i den jødiske kalenderen frå kvarandre, er tidspunktet viktig og knytt til fleire seremoniar. Når sabbaten tek til ved solnedgang tenner ein levande lys og les bøna kiddusj for å markera overgangen. Ved neste solnedgang, som markerer slutten av sabbaten, utfører ein seremonien havdalá.
Ereb som dagen før dagen
endrePå same måte som julaftan er dagen før juledag i norsk tradisjon, er det knytt ulike skikkar til «aftanen» før fleire jødiske merkedagar.
Dagen før sabbaten (`ereb sjabbat) blir av ortodokse jødar i stor grad brukt til å førebu seg for sabbaten, til dømes ved å stå opp tidleg, handla og laga til mat, dekka bordet til sabbatsmåltidet og ta på seg helgeklede.