2. søndag i påsketida

(Omdirigert frå 1. sundag etter påske)

2. søndag i påsketida, før kalla 1. sundag etter påske, quasi modo geniti, quasimodogeniti eller berre quasimodo, av dei latinske orda i introitussalmen for dagen, «.. som nyfødde born ...» (1. Pet. 2,2)[1] er sundagen som avsluttar påskeoktaven, som byrjar påskedagen. Fleire av dei gammaltestamentlege festane varte ei veke, slik at sjølve festdagen vart feira på nytt den åttande dagen. I oldkyrkja var dagen òg kalla kvitesundagen eller kvitkledesundagen, fordi dei som var døyptepåskevaka eller påskedagen, tok av seg dei kvite kleda denne sundagen.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

Kjelder endre