1770 i Queensland
1770 | |
---|---|
Tidlegare namn | Round Hill |
Styresmakter | |
Delstat Land |
Queensland Australia |
Geografi | |
Innbyggjarar - Landsby (2011) |
76 |
Diverse anna | |
Heimeside: http://1770.com/ |
1770 er ein landsby i Queensland i Australia. Det var den andre staden James Cook og mannskapet på HMS «Endeavour» gjekk i land, i mai 1770.
Landsbyen er ein turistattraksjon, og ligg på ei halvøy med Korallhavet og Bustard Bay på tre sider. Agnes Water ligg åtte kilometer lenger sør. Opphavleg heit staden Round Hill, etter høgda han ligg på, men namnet vart endra i 1970 i samband med 200-årsjubileet etter at Cook gjekk i land.
Område har fire nasjonalparkar: Deepwater nasjonalpark, Eurimbula nasjonalpark, Mount Colosseum nasjonalpark og Round Hill nasjonalpark.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1770 (Queensland)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2011.