1G syner til 1. generasjon mobiltelefonnettverk, som var eit analogt system.[1] I Norden nytta ein nettverket NMT.

Historie

endre

Det første kommersielle automatiserte mobiltelefonnettverket blei opna i Tokyo i Japan i 1979 av Nippon Telegraph and Telephone (NTT). I løpet av fem år hadde nettverket blitt utvida til å dekkja heile Japan. Det blei dermed det første nasjonale nettverket for mobil.

I 1981 blei nordisk mobiltelefonsystem (NMT) opna i heile Norden samtidig. Dette blei dermed det første internasjonale nettverket for mobil. Med tida blei NMT mest utbreidd i Europa, medan Advanced Mobile Phone System (AMPS) blei utbreidd i Amerika.[2]

Fordelane med å bruka digital teknologi førte til at 1G-nettverka etterkvart blei erstatta av 2G. Mange 1G-netverk blei avvikla tidleg på 2000-talet, men nokre stader blei dei verande i drift inn på 2010-talet.

Kjelder

endre
  1. Stette, Gunnar; Hansen, Thor; Ulseth, Trond (18. oktober 2017). «Mobiltelefoni». Store norske leksikon. 
  2. «Chapter 3 - Technology». Wireless Communications in Developing Counties (PDF). s. 19–32. 
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.