2 Brothers on the 4th Floor
2 Brothers on the 4th Floor er ei nederlandsk dance-gruppe som vart starta i 1990 av brørne Martin og Bobby Boer. Dei hyrte også inn fleire musikarar etter kvart som dei vart meir populære.
2 Brothers on the 4th Floor | |||
| |||
Opphav | Nederland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1990 - | ||
Sjanger | Dance, Hardcore | ||
Medlemmer | Martin Boer Bobby Boer | ||
Tidlegare medlemmer | D-Rock (rappar) Desirée Manders (vokal) Da Smooth Baron MC (rappar) Peggy "The Duchess" (vokal) Gale Robinson (vokal) |
Den fyrste kjende singelen deira hadde namnet Can't Help Myself og vart ein internasjonal hit i 1990. Seinare gav dei ut singlane Turn Da Music Up (1991), Never Alone (1993), Dreams (1994), Let Me Be Free (1994) med fleire. Dei gav i alt ut 2 studioalbum: Dreams (1994) og 2 (1996).
Gruppa har ikkje gjeve noka formell kunngjering om at gruppa er oppløyst, og gjev enno konsertar med ujamne mellomrom. M.a. opptrådte dei på ein "I love the 90's"-fest i Belgia framfor over 21.000 tilhøyrarar i 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «2 Brothers on the 4th Floor» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2011.