332 skvadron
332 skvadron er ein norsk kampflyskvadron under 132 Luftving på Ørland hovudflystasjon. I 2017 blei han den første norske F-35-skvadronen. 332 skvadron vart skipa i England i 1942. I tillegg til i England og på kontinentet under andre verdskrigen har skvadronen tidlegare hatt tilhald på Værnes, Bardufoss, Gardermoen, Rygge og Bodø. Fra 1980 til 2015 var skvadronen oppsatt med F-16.
Historie
endreAndre verdskrigen
endre332 (Norwegian) Squadron blei oppretta på Catterick i Yorkshire 16. januar 1942 og var knytt til RAF Fighter Command. Skvadronen var sett opp med Spitfire jagarfly. Den første sjefen var major Odd Bull, som i juni året før hadde vore med på oppretta 331 skvadron same stad. I juni flytta skvadronen til North Weald i Essex utanfor London, der 331 skvadron hadde vore sidan mai. I april 1944 blei begge skvadronen overførte til Bognor flyplass på kanalkysten og sett inn i angrep mot tyske mål på den franske kanalkysten. I august 1944 blei skvadronane overført til Frankrike, seinare Belgia og Nederland. Mot slutten av krigen var oppgåvene hovudsakleg angrep mot tyske bakkemål. I løpet av krigen blei skvadronen kreditert med 82 øydelagde, 11 sannsynlegvis øydelagde og 50 skadde fiendtlige fly.
Etterkrigstida
endre22. mai 1945 kom skvadronen til Værnes.
Frå februar 1953 blei 332 skvadron sett opp på Gardermoen med Republic F-84 Thunderjet. I juni 1955 blei skvadronen overført til Rygge flystasjon.
Etter den kalde krigen
endre14. mai 2002 blel skvadronen overført til 132 Luftving ved Bodø hovudflystasjon. Den 3. september 2015 var det takkeseremoni på Bodø hovudflystasjon som markerte at 332 skvadron var mellombels lagt ned før han blei flytta til Ørland for å bli sett opp som første F-35-skvadron.[1]
Kjelder
endre- ↑ Forsvaret, «332 skvadron blir F-35 skvadron», forsvaret.no (på norsk bokmål), henta 2. april 2020
- Denne artikkelen bygger på «332 skvadron» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2019.