600-talet fvt.
hundreår
600-talet fvt. (f.Kr.) var eit hundreår der Det nyassyriske riket dominete i Midtausten, men byrja smuldra opp mot slutten av perioden. Det nybabylonske riket overtok makta mot slutten av hundreåret.
Zhou-dynastiet var ved makta i Kina. I Egypt byrja seinepoken og det 26. dynastiet med kroninga av Psamtik I i 664 fvt.
Hendingar
endreNøyaktig årstal er i mange tilfelle uvisst.
- Milano vart grunnlagt av keltarar.
- Marseilles vart grunnlagt av grekarar frå Fokaia.
- Vercelli vart grunnlagt av ligurarar i Nord-Italia
- Smyrna vart jamna med jorda av lydiarane.
- 699 fvt: Khallushu vart konge av Elamittriket etter Shuttir-Nakhkhunte.
- 660 fvt: Japan skal ha blitt grunnlagd av keisar Jimmu.
- 605 fvt: Pittakos slo seg saman med tyrannen Myrsilos på Lésvos.
Fødde
endre- 630 fvt.: Sapfo, gresk lyrikar.
- 610 fvt.: Anaksimander, gresk tenkjar