AB Aerotransport (ABA) var eit statleg svensk flyselskap som i dag er ein del av Scandinavian Airlines System (SAS).

Selskapet vart danna i 1924 under namnet Aktiebolaget Aerotransport. I 1948 vart ABA slege saman med SILA. SILA var den svenske delen av SAS, som den gongen berre var eit samarbeidsorgan mellom dei skandinaviske flyselskapa DDL, DNL og SILA. I 1950 overtok SAS flytrafikken. ABA vart då berre eit eigarselskap, som fram til 1996 eigde 3/7 av SAS. I 1996 opphøyrde ABA som eige selskap.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.