ARA «San Juan» (S-42)

ARA «San Juan» (S-42) var ein dieselelektrisk undervassbåt i teneste i den argentinske marinen. Båten tilhøyrer TR-1700-klassa, Han vart bygd av Thyssen Nordseewerke og vart ferdig 19. november 1985.[1]

Midtlivsoppgradering vart gjord i Argentina mellom 2008 og 2013. Oppgraderinga kosta ca. 100 millionar peso og utgjorde meir enn 500 000 arbeidstimar der båten vart delt i to og fekk sine fire MTU-motorar og batteri erstatta.[2][3]

15. november 2017 vart båten meldt sakna av Armada Argentina.[4] 23. november 2017, ved ei direkte ordre frå presidenten i Russland Vladimir Putin, vart «Jantar» og spesialistar frå 328. søk og redningsekspedisjon sende til Argentinakysten for å søkja etter den argentinske ubåten ARA «San Juan».[5] Dei fann ikkje ubåten. Seinare vart det norske fartøyet M/S Seabed Constructor send til Argentinakysten for å leite etter den Argentinske ubåten, og den 16. november 2018 var ubåten funnen. «Seabed Constructor» hadde med seg fem undervannsrobotar av typen Hugin AUV frå Kongsberg Maritime i Horten som dei brukte til å søkje gjennom havbotnen med. Ubåten låg utanfor Valdes-halvøya på 800 meters djupn.[6]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Reparación de Media Vida Submarino Tipo TR1700 ARA San Juan S-42 (Segunda Parte)». www.elSnorkel.com. 
  2. «Página/12 :: Sociedad :: El arte de reparar submarinos», www.pagina12.com.ar (på spansk), henta 26. november 2018 
  3. «Argentine Navy receives refurbished TR1700 class submarine ARA San Juan». MercoPress. 
  4. Ertesvåg, Oda Ruggesæter. «Den savnede ubåten skal ha fått vann i periskopet». NRK (på norsk bokmål). 
  5. «Russia sends Navy experts to search for missing Argentine submarine». 23. november 2017. 
  6. Hotvedt, Signe Karin. «Savnet ubåt med 44 om bord funnet». NRK (på norsk bokmål).