A Touch of Class
A Touch of Class, opphavleg ATC, var ei popgruppe som bestod av medlemer frå 4 forskjelige land: Joseph Murray frå New Zealand, Livio Salvi frå Italia, Sarah Egglestone frå Australia og Tracey Elizabeth Packham frå England. Gruppa var basert i Tyskland.
A Touch of Class | |||
| |||
Opphav | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1998 - 2003 | ||
Sjanger | Dance, pop | ||
Plateselskap | Sony BMG, Republic Records | ||
Medlemmer | Joseph Murray Sarah Egglestone Tracey Elizabeth Packham Livio Salvi |
Karriere
endreATC sin fyrste singel vart innspelt i Sverige i 1999 og fekk tittelen «Around the World (La La La La La)». Songen sampla låta «Pesenka» av den russiske techno-gruppa Ruki Vverh!, og vart ein stor hit i Europa i 2000. Singelen var med på ATC sitt debutalbum, Planet Pop frå 2001. Her fekk dei m.a. musikalsk hjelp av den tyske DJ-en Alex Christensen. Under utdelinga av den tyske ECHO-prisen vann ATC i kategorien for dance-musikk for albumet. Dei produserte også fleire singlar frå Planet Pop, men ATC er framleis mest kjende for debutlåta.
Etter dette vart plateselskapet ATC saksøkt av den tyske DJ-en ATB (André Tanneberger) for plagiat. Tanneberger vann saka og ATC vart tvunge til å endra namn. Det nye namnet deira vart difor A Touch of Class. Under dette namnet gav dei ut plata Touch the Sky i 2003, og gav ut 3 singlar herifrå med avmålt suksess. Same året gjekk gruppa i oppløysing.
Diskografi
endre- Planet Pop (2001)
- Touch the Sky (2003)
Kjelde
endre- Denne artikkelen byggjer på «A Touch of Class» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2012.