Aarseth-Brewington
Aarseth-Brewington er ein komet oppdaga den 16. november 1989 klokka 18.29 av den norske amatørastronomen Knut B. Aarseth. Uavhengig av kvarandre vart kometen òg observert av den amerikanske amatørastronomen Howard J. Brewington nokre timar seinare. Dette var den første norske kometoppdaginga sidan amatørastronomen Olaf Hassel den 16. april 1939 oppdaga ein komet. Han fekk namnet Jurlow-Achmarow-Hassels komet.
Kjelder
endre- Delphin, Inger Lise A. (12. juli 2014). Aarseth Brewington. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Aarseth-Brewington.