Abens er ei lita elv i Oberbayern og Niederbayern, og ei av sideelvane til Donau. Ho har utspring nær landsbyen Abens i Freising og har ei lengd på 76 km. I den øvre delen renn Abens forbi åslandskapet Hallertau. Den største sideelva hennar er Ilm, som opphavleg var ei sideelv til Donau, men som etter kunstig regulering var ei sideelv til Abens i staden. Abens renn forbi byane Mainburg, Elsendorf, Siegenburg, Biburg, Abensberg og Bad Gögging.

Abens
elv
Abens ved Abensberg
Land  Tyskland
Kart
Abens
48°31′43″N 11°38′42″E / 48.5285°N 11.6449°E / 48.5285; 11.6449
Wikimedia Commons: Abens (river)

Kjelder

endre