Abiskojåkka
Abiskojåkka (nordsamisk Ábeskoeatnu) er ei fjellelv i Abisko nasjonalpark i det nordlege Lappland i Sverige. Ho har eit nedslagsfelt på 544 km², hovudsakleg høgfjellsområde. Den øvre delen av elva vert kalla Kamajåkka og renn ut i innsjøen Abiskojaure, 488 meter over havet, som elva òg er oppkalla etter.
Abiskojokk | |||
Abiskojåkka, Ábeskoeatnu | |||
elv | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Norrbotten | ||
Kommune | Kiruna | ||
Nedslagsfelt | 544 km² | ||
Lengd | 40 km | ||
Abiskojåkka 68°21′50″N 18°47′15″E / 68.3638°N 18.78761°E | |||
Wikimedia Commons: Abiskojåkka |
Elva renn vidare ti kilometer nordover og renn ut i innsjøen Torneträsk i nærleiken av Abisko.
Abiskojåkka har ei lengd på cirka 40 kilometer. Ho er den største tilførselselva til Torneträsk og er dermed òg den største sideelva til Torne älv.
Den totale fallhøgda til Torneträsk, rekna frå Abiskojaure, er 147 meter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abiskojåkka» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.