Ablach
Ablach er ei elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho har utspring ved Hohenfels og ei lengd på 38 km.
Ablach | |||
elv | |||
Ablach ved Mengen
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Meßkirch, Mengen | ||
Lengd | 38 km | ||
Kjelde | Hohenfels | ||
• høgd | 680 moh. | ||
Munning | Donau | ||
• høgd | 130 moh. | ||
Ablach 48°03′48″N 9°20′44″E / 48.0633°N 9.34556°E | |||
Kart som viser Ablach.
| |||
Wikimedia Commons: Ablach (Danube) |
På veg mot Donau renn ho gjennom låglandet Schwackenreuter og passerer byar og landsbyar som Bichtlingen, Meßkirch, Menningen, Göggingen, Ablach, Krauchenwies og Mengen. Etter Blochingen munnar elva ut i Donau.
Ablachtal, dalen som elva renn gjennom, har vore busett i lang tid på grunn av den frodige elvebreidda som eigna seg godt til jordbruk. Det er funne spor etter keltiske, romerske og alemanniske busetnader her. Namnet «Ablach» er truleg avleidd frå det keltiske Abela, som tyder noko slikt som ‘bekk’.[1] Allemannarane grunnla landsbyar på passande stader på 400- og 500-talet. Desse busetnadane kan ein kjenna att på namneendinga «-ingen»: Göggingen, Menningen, Schnerkingen, Bichtlingen.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ablach» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2007.