Abu Dhalouf er ein busetnad på nordkysten av Qatar i kommunen Madinat ash Shamal.[1][2] Grensene vart fastsette i 1988 og han grensar til Al Shamal by i aust.[3]

Abu Dhalouf
landsby
Land  Qatar
kommune Madinat ash Shamal
Koordinatar 26°7′25″N 51°10′0″E / 26.12361°N 51.16667°E / 26.12361; 51.16667
Areal 2,59 km²
Kart
Abu Dhalouf
26°07′25″N 51°10′00″E / 26.123611111111°N 51.166666666667°E / 26.123611111111; 51.166666666667

Historie endre

J.G. Lorimer skildrar Abu Dhalouf i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:

«

Ein landsby på nordvestkysten av Qatarhalvøya, nær tuppen og 2-3 km sørvest for Ar Ru'ays. Det er vanskeleg å nå staden frå sjøsida på grunn av eit breitt rev som er nesten tørrlagt ved fjøre sjø. Innbyggjarane består av kring 70 familiar frå Manan'ah-stamma (Al Mannai), som eig 20 perlebåtar [bemanna av 200 mann], fem andre havgåande fartøy og ti fiskebåtar. Drikkevatnet deira kjem frå brunnen Umm Dha'an, kring 2 km inn i landet. Her finst 30 kamelar.[4]

»

Lorimer skreiv òg at før 1856 var landsbyen busett av kring 50 mann frå Bu Kuwara-stamma (Kuwari).[5]

Kjelder endre

  1. «2013 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 23. januar 2017. 
  2. «District map». The Centre for Geographic Information Systems of Qatar. Arkivert frå originalen 20. november 2022. Henta 31. mars 2017. 
  3. «Law No. 27 of 1988 On the Delimitation of the City of Abu Dhalouf». almeezan.qa. Arkivert frå originalen 1. april 2017. Henta 6. februar 2017. 
  4. {{cite web|url=http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023909213.0x00009e%7Ctitle='Gazetteer of Arabia Vol. I' [526] (557/1050)|publisher=Qatar Digital Library|accessdate=6. februar 2017, Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  5. {{cite web|url=http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023206838.0x00007a%7Ctitle='Persiabukta Gazetteer Part II, Geographical and Descriptive Materials, Section II Western Side of the Gulf' [59v] (121/286)|publisher=Qatar Digital Library|accessdate=6. februar 2017, Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.