Opna hovudmenyen
Kolbe med aceton

Aceton (propan-2-on), CH3(CO)CH3, er det enklaste av ketona. Det er eit mykje brukt løysemiddel. Stoffet sitt kokepunkt er 56 °C.

ProduksjonEndra

Aceton vert laga ved oksidasjon av alkoholen propan-2-ol (isopropanol), og er ei fargelaus væske med karakteristisk søt-stikkande «organisk» lukt. Kvart år vert det produsert 3 500 000 tonn i verda, der om lag 5, tonn kjem til Noreg. Som løysemiddel er stoffet mellom anna hovudkomponenten i neglelakkfjernar, og eit viktig utgangsstoff ved framstilling av andre stoff.

Aceton i biologienEndra

Me finn aceton i naturen i plantar, røyk frå vulkanar og skogbrannar, og som biprodukt når menneskekroppen bryt ned feittlager.

Aceton finst i små mengder i urin, og kan ved sukkersjuke eller etter lang tids svolt skiljast ut i større mengder. Små born kan brekke seg på grunn av utskiljing av aceton i kroppen (acetonemiske brekningar).

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aceton
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.