Additiv funksjon
(Omdirigert frå Additiv)
Ein additiv funksjon er ein matematisk funksjon som har den eigenskapen at funksjonsverdien av ein sum er lik summen av funksjonverdiane til addendane.
Det vil sei f(x+y) = f(x) + f(y) for alle definerte verdiar av x og y. Funksjonen f(x)= 2xer altså additiv, sidan f(a+b) = 2(a+b) = 2a+ 2b= f(a) + f(b). g(x)= exer derimot ikkje additiv, sidan til dømes g(2+3) ikkje er lik g(2) + g(3).
Ei additiv gruppe er ei gruppe der det er definert ein gruppeoperasjon som fungerer på same måte som addisjon.
Kjelder
endre- «additiv – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.