Administrativ inndeling i Romania

Den administrative inndelinga i Romania er stadfesta i grunnlova frå 1991 og Lov nr. 351 av 6. juli 2001 om godkjenning av Nasjonal arealplan.[1][2]

Landet er delt inn i 41 județ («fylke»). Innafor kvart județ er det tre ulike kategoriar på det kommunale planet:

Kommunar

endre

Dei tre typane kommunar ligg administrativt på det same nivået, men bykommunane har fleire lokale styringsoppgåver enn dei mindre comună. For å få status som oraș må kommunen ha minst 5000 innbyggjarar (vanlegvis 10 000 eller meir) og ein viss grad av urbanisering. For status som municipiu er minstekravet 25 000 innbyggjarar og ein større grad av urbanisering.[2]

Ved utgangen av 2019 var det 320 bykommunar (103 municipiu og 217 oraș) og 2861 landkommunar (comună) i Romania.[3] Dei ulike typene kommunar administrerer 12 957 landsbyar, som ikkje har eigen administrasjon.

Bucureşti

endre

Hovudstaden București er eit unntak frå denne strukturen. Han er ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som județ. Hovudstaden er så delt inn i seks sektorar (rumensk sectoare), som kvar administrerer ei rekkje bydelar utan administrative funksjonar.[4][5]

Regionar

endre

Dei 41 județ og kommunen București er grupperte i fire makroregionar (rumensk macroregiune), kvar delt inn i to utviklingsregionar (rumensk regiunile de dezvoltare). Dei har ingen administrative funksjonar, men er først og fremst brukt for statistiske og planleggingsmessige føremål:[6]

Referansar

endre
  1. «Constituţia României (Grunnlov for Romania)». Camera Deputaților (Det rumenske parlamentet). 8. desember 1991. s. Titlul I, Articolul 3 (3). Henta 15. mars 2022. «Teritoriul este organizat, sub aspect administrativ, în comune, orașe și județe. În condițiile legii, unele orașe sunt declarate municipii. (Territoriet er organisert administrativt i comună [«landkommunar»], oraș [«bykommmunar»] og județ [«fylke»]. Nokre bykommunar kan bli erklærte municipiu, slik det er stadfesta i lov.)» 
  2. 2,0 2,1 «Lege nr.351 din 6 iulie 2001 privind aprobarea Planului de amenajare a teritoriului național (Lov nr. 351 av 6. juli 2001 om godkjenning av Nasjonal arealplan)». Camera Deputaților (Det rumenske parlamentet). 6. juli 2001. Henta 15. mars 2022. 
  3. «Anuarul statistic al României (Statistisk årbok for Romania)» (PDF). Institutul Național de Statistică - ROMÂNIA (Det nasjonale instituttet for Statistikk – Romania). 2020. Henta 15. mars 2022. «1.8: Organizarea administrativă a teritoriului României, la 31 decembrie 2019 Administrativ organisering av territorium i Romania, 31. desember 2019» 
  4. Sageata Radu (2019). «A Proposal for a New Administrative-Territorial Outline of Bucharest-Based in-City Discontinuities». Transylvanian Review of Administrative Sciences 15 (56E): 77–96. ISSN 1842-2845. doi:10.24193/tras.56E.5. 
  5. «Decret nr. 284 din 31 iulie 1979 privind stabilirea sectoarelor municipiului București (Dekret nr. 284 av 31. juli 1979 vedrørande etablering av sektorar i București kommune)». Portal legislativ (Lovportal). 31. juli 1979. Henta 16. mars 2022. 
  6. «Repere economice și sociale regionale: Statistică teritorială (Regionale økonomiske og sosiale landemerke: Territoriell statistikk)» (PDF). Institutul Național de Statistică - ROMÂNIA (Det nasjonale instituttet for statistikk – Romania). 217. s. 5–6. Henta 16. mars 2022. 
  Denne geografiartikkelen som har med Romania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.