Aegidius
- Sjå og heilage Egidius
Aegidius (død 465) var ein romersk general og magister militum i Gallia. Aegidius gjorde opprør i 461 då keisar Majorian blei avsett og avretta av Ricimer, magister militum i Italia. Ricimer utropte ein marionett, Libius Severus til keisar og avstod Narbonne til visigotarane mot at desse tok seg av Aegidius. Aegidius sigra over visigotarane i eit slag ved Orléans i 463, kanskje med støtte frå den frankiske kongen Childerik I. Med base i Soissons styrte Aegidius delar av nordre Gallia i revolt mot keisaren i Roma fram til han blei snikmyrda hausten 465. Sonen til Aegidius, Syagrius, arvet faren sin maktbase i Soissons og fortsette å styre området som ein slags gallisk-romersk konge.
Aegidius | |||
Fødd | 5. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lugdunum | ||
Død | 464 | ||
Dødsstad | Augusta Suessionum | ||
Rang | magister militum | ||
Konfliktar | Battle of Arelate |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aegidius» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2010.