Opna hovudmenyen


Sjeremetjevo internasjonale lufthamn, Aeroflots hovudbase
Iljusjin Il-96

Aeroflot – Russian Airlines (russisk: Российские международные авиалинии) er eit russisk flyselskap. Inntil 1992 var det rangert som det største flyselskapet i verda. Majoritetseigaren til selskapet er den russiske staten.

Aeroflot opererer òg flygingar i Noreg, med ruter frå Oslo lufthamn til Sjeremetjevo internasjonale lufthamn utanfor Moskva.

HistorieEndra

Aeroflot vart grunnlagt 9. februar 1923 under namnet Dobrolet. Etter den russiske borgarkrigen starta Aeroflot passasjerflygingar og transportflygingar med modifiserte krigsfly. Eitt år før den offisielle skipinga starta ein, i samarbeid med det tyske flyselskapet Deruluft, flyruten MoskvaKönigsberg 1. mai 1922. Seinare vart ruta forlengt til Berlin. Aeroflot var det fyrste flyselskapet som brukte jetfly for passasjerflygingar. Allereie i 1956 brukte ein Tupolev Tu-104 både på innenriksruter og i internasjonal trafikk.

Etter Sovjetunionens sammenbrudd i 1991 vart selskapet delt mellom dei gamle sovjetrepublikkane, og vart organisert i over hundre ulike flyselskap. I juni 1991 vart det danna ein samarbeidsorganisasjon med namnet «Aeroflot – Soviet Airlines Commercial Production Alliance», som vart introdusert på børsen i 1992 under namnet «Aeroflot – Russian International Airlines».

Sovjetunionens sammenbrudd innebar at den russiske flyindustrien tapte marknadsdelar, og Aeroflot søkte seg ut på den vestlege marknaden etter nye fly. Fyrst leigde ein Airbus A310-300, og i 1994 kjøpte ein inn Boeing 767-300ER. Same år leverte ein tredje generasjon Iljusjin Iljusjin Il-96-300 med forbetra avionikk, til bruk på dei lengre internasjonale flygingane. For å ta unna den aukande fraktmengden leigde ein i 1995 ein McDonell Douglas DC 10-30 F på langtidskontrakt.

FlåteEndra

Aeroflots flåte inkluderer følgjande fly: (oktober 2009)[1]

Flytype Mengd Seter(Business/Economy)

Ruter
Airbus A319-100 15 116 (20/96) Innenriks og Europa
Airbus A320-200 31 (+ 16) 140 (20/120) Europa
Airbus A321-200 10 (+ 14) 170 (28/142) Europa og Asia
Airbus A330-200 5 241 (34(207) Langdistanse
Airbus A330-300 3 (+ 2) 116 (20/96) Langdistanse
Airbus A350-800XWB 0 (+ 18) Langdistanse
Airbus A350-900XWB 0 (+ 4) Langdistanse
Boeing 767-300ER 11 218 (30/188) Langdistanse
Boeing 787-8 0 (+ 22) Langdistanse
Iljushin Il-96-300 6 256 (22/234) Langdistanse
Superjet 100 30 Innenriks og Europa

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2009-07-18.