Agnete Husebye
Agnete Sofie Monadatter Husebye (fødd 26. januar 1996), også kjend under pseudonymet Agnetesh, er ein norsk youtubar.[1][2]
Agnete Husebye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. januar 1996 (28 år) Oslo |
Yrke | youtubar, influensar, skribent, programleiar |
Medlem av | Splay Norge |
Agnete Husebye på Commons |
Biografi
endreI 2019 vann Husebye prisen «Norges favorittinfluenser», som vart delt ut under Kids' Choice Awards.[3] I august 2019 vart ho kåra til «Årets Youtuber» under NRKs Gullsnutten.[1]
Husebye er med i det norske YouTube-nettverket Splay Norge.
I 2020 vart Husebye programleiar for Agnetesh hacker Idol på TV 2 Sumo. Hausten 2020 var ho også deltakar på Skal vi danse på TV 2,[4] i 2021 deltok ho i 71° nord – Norges tøffeste kjendis og i 2023 deltok ho i den fjerde sesongen av Kompani Lauritzen.[5]
Deltakingar på fjernsyn
endre- 2020 – Agnetesh hacker Idol, programleiar
- 2020 – Skal vi danse, deltakar
- 2021 – 71° nord – Norges tøffeste kjendis, deltakar
- 2022 – 16 ukers helvete, deltakar
- 2023 – Kompani Lauritzen, deltakar
- 2023 – Jaget, deltakar
- 2023 - 24 Stjerners Julekalender, deltakar
Bibliografi
endre- Agnetesh hacker voksenlivet: Mine 111 beste lifehacks (2019) ISBN 978-8-205-52771-3[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Elisabeth Johnsen og Britt Hoffshagen (4. november 2019). «(+) Pilene peker oppover for Årets youtuber: – Jeg hadde aldri trodd at det skulle gå så bra». www.enebakkavis.no (på norsk). Henta 31. desember 2019.
- ↑ «Agnete «Agnetesh» Husebye er Årets influensar» hos NRK.no
- ↑ Stine Løkstad (26. mars 2019). «Til topps i internasjonal konkurranse: – Urealistisk og stort!». www.rb.no (på norsk). Henta 31. desember 2019.
- ↑ «Tidenes første Skal vi danse-deltager i rullestol: – Alle kan danse». TV2.no. Henta 17. august 2020.
- ↑ «Dette er de nye Kompani Lauritzen-deltakerne». TV2.no. Henta 18. november 2022.
- ↑ Husebye, Agnete (2019). Agnetesh hacker voksenlivet : mine 111 beste lifehacks. Gyldendal. ISBN 9788205527713.
- Denne artikkelen bygger på «Agnete Husebye» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2021.