Água de Pau
(Omdirigert frå Agua de Pau)
Água de Pau er ein stratovulkan som ligg sentralt til på øya São Miguel i Asorane. Han hadde utbrot mellom 30 000 og 45 000 år sidan og har danna ein kaldera som er 7 km lang og 4 km brei. Ein indre kalder er 4 km lang og 2,5 km brei og vart danna for 15 000 år sidan. Den yngre, indre kalderaen er delvis fylt opp av ein kratersjø kalla Lagoa do Fogo. Fram til 5000 år sidan var det aktivitet i kalderaen og fleire lavadomar vart danna på nord- og vestsida.
Água de Pau | |||
fjell | |||
Lagoa do Fogo
| |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Område | São Miguel på Asorane | ||
Fjellkjede | Stratovulkan | ||
Høgd | 947 moh. | ||
Siste utbrot | 1564 | ||
Koordinatar | 37°46′00″N 25°28′00″W / 37.76667°N 25.46667°W | ||
Água de Pau 37°45′37″N 25°29′30″W / 37.760333333333°N 25.491558333333°W |
Nokre av sinderkjeglene på sida har danna sirkelforma sprekksystem. Nokre av dei har vore aktive i historisk tid. Det siste kjende utbrotet var i 1564. Framleis er det varmekjelder på nordvestsida av vulkanen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Água de Pau (volcano)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Scarth, Alwyn og Tanguy, Jean-Claude (2001). Volcanoes of Europe. Oxford University Press. s. 243. ISBN 0-19-521754-3.
- Global Volcanism Program: Agua de Pau