Aimée Beekman (fødd 20. april 1933 i Tallinn) er ein estisk forfattar og kinematograf.

Aimée Beekman
Statsborgarskap Estland
Fødd 20. april 1933 (90 år)
Tallinn
Yrke barnebokforfattar, skribent, science fiction-forfattar
Språk estisk
Ektefelle Vladimir Beekman

Aimée Beekman vart i 1956 uteksaminert frå Allunionsinstituttet for kinematografi. Frå 1956 til 1960 arbeidde ho ved det sovjetiske filmselskapet Tallinnfilm. Sidan 1956 har ho også verka som forfattar.

Etter nokre noveller og ei reisebok oppnådde ho det litterære gjennombrotet sitt med den fyrste romanen sin, Väikesed inimesed («Små menneske»). Her skildrar ho barndomsminne frå ein arbeidarbydel i Tallinn i 1930-åra. I 1970-åra tok ho opp feministiske emne, noko som var nytt i det dåverande Sovjetunionen.

Aimée Beekman var gift med den estiske forfattaren og litteraturomsetjaren Vladimir Beekman (1929–2009).

Romanar i utval endre

  • Väikesed inimesed (1964)
  • Kaevupeegel (1966)
  • Valgete vareste parv (1967)
  • Kartulikuljused (1968)
  • Väntorel (1970)
  • Vanad lapsed (1972)
  • Kuradilill (1974)
  • Viinakuu (1975)
  • Sugupuu (1977)
  • Valikuvõimalus (1978)
  • Tihnik (1980)
  • Vabajooks (1982)
  • Proovielu (2008)