Akmeisme

Akmeisme var ein modernistisk retning innan russisk poesi som var som sterkast på 1910-talet. Den fremste representanten og grunnleggjaren var Nikolaj Gumiljov. Også forfattarane Anna Akhmatova, som ei tid var gift med Gumiljov, og Osip Mandelstam tilhøyrde akmeismen.[1] Akhmatova og Mandelstam er blitt rekna som de to fremste russiske lyrikarane frå 1900-talet.

Anna Akhmatova var ein kjend representant for akmeismen.

Rørsla var ein reaksjon mot symbolismen. Namnet akmeisme er tele frå det greske ordet for høgdepunkt. Bakgrunnen for namnevalet var at rørsla streva etter å poetisk skildra opphøgde opplevingar.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Olsson & Algulin, s. 481.

Trykte kjelderEndra

  • Olsson, Bernt; Algulin Ingemar (1995). Litteraturens historia i världen (4., [utök.] uppl.). Stockholm: Norstedt. Libris länk. ISBN 911943622X