Aksentteikn eller aksent (IPA[ak.ˈsaŋ] eller IPA[ak.ˈsent], av latin accentus, 'song til [orda]'[1]) er diakritiske teikn som blir nytta rundt vokalteikn for å markera eigenskapar som tone, trykk, lengd eller uttalenyanse.[2]

Aksentteikna som er i bruk i norsk er: ´ (akutt aksent), ` (grav aksent) og ^ (cirkumfleks).

Akutt aksent vert òg kalla akutteikn, accent aigu, høgrevendt aksent eller høgreaksent. Han markerer at ei staving har sterkt trykk. Døme på akutt aksent: idé, trofé, diskré, éin, éi.

Grav aksent vert òg kalla accent grave, venstrevendt aksent eller venstreaksent. Døme på bruk av grav aksent: òg , à jour, 2 stk à kr 100.

Cirkumfleks eller sirkumfleks vert iblant kalla møne eller hatt, men er ein aksent på line med dei to andre. Døme på ord med cirkumfleks: tête-à-tête, crème fraîche, entrecôte, vêr og fôr.

I andre språk med latinske alfabet finst det mange andre aksentteikn, m.a. teikn som skal stå under bokstaven. Døme på andre aksentar: ç (cedille), õ (tilde), ë (tødlar).

Prikken over i og j vert ikkje rekna som ein aksent, heller ikkje tødlane over finsk eller svensk ä og ö, streken gjennom norsk og dansk ø eller ringen over å. Dét er fordi alle desse er sjølvstendige bokstavar i alfabetet, som er sidestilte med bokstavar utan diakritiske teikn og ikkje sorterer under andre bokstavar i lister o.l., slik som t.d. é og tysk ä og ö gjer (dei vert sorterte under e, a og o).

Kjelder endre

  1. «aksentteikn» i Nynorskordboka.
  2. «aksenttegn». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. november 2020. 
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.