Aléxis Tsípras
Aléxis Tsípras (fødd 28. juli 1974) er ein gresk politikar og statsminister i Hellas frå 2015 til 2019. Han er leiar for det politiske partiet SYRIZA.
Aléxis Tsípras | |||
| |||
Fødd | Αλέξης Τσίπρας 28. juli 1974 (50 år) Aten | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Hellas | ||
Parti | SYRIZA | ||
Yrke | politikar, statsmann, sivilingeniør | ||
Utdanna ved | Det nasjonale tekniske universitetet i Athen | ||
Ektefelle | Betty Batziana | ||
Medlem | First Cabinet of Alexis Tsipras Second Cabinet of Alexis Tsipras | ||
Verv | Statsminister i Hellas 21. september 2015- | ||
Føregangar | Vassiliki Thanou | ||
Verv | Statsminister i Hellas 26. januar 2015-27. august 2015 | ||
Etterfylgjar | Vassiliki Thanou | ||
Føregangar | Antonis Samaras | ||
Alle verv |
Tsípras er fødd i Aten, vart utdanna i 2000 som sivilingeniør på det nasjonale polytekniske universitetet i denne byen, Εθνικό Μετσόβιο Πολυτεχνείο. Han held deretter fram med studiar i arealplanlegging ved dette universitetet samstundes som han arbeida som bygningsingeniør.
Frå slutten av 1980-åra hadde Tsípras vorte oppteke av politikk og engasjerte seg i den greske ungkommunistrørsla. På byrjinga av 1990-talet var han politisk aktiv i elevmotstanden mot den kontroversielle lovgjevinga som dåverande minister for utdanning og religiøse spørsmål, Vasilis Kontogiannopoulos, stod bak. Som universtetsstudent var han likeeins aktiv på venstresida i studentpolitikken og mellom anna tillitsvalt til sentralkomiteen i den nasjonale greske studentunionen.
I 1999 vart Tsípras vald som sekretær i ungdomsorgansisasjonen til det politiske partiet Synaspismos, «Venstrekoalisjonen for folkerørsler og økologi», eit gamalt politisk parti som tok part i den radikale venstrealliasen SYRIZA som det største partiet i alliansen. På den fjerde kongressen til Synaspismos i desember 2004 vart han vald inn i den sentrale politiske komiteen i partiet, og fekk med utdanning og ungdomspolitikk å gjere. I lokalvalet i 2006 stilte han som ordførarkandidat i Aten på lista Open by (Ανοιχτή Πόλη), støtta av Synaspismos og heile SYRIZA-alliasen. Dette var Tsípras eigenlege debut på den ordinære politiske arenaen. Under partiet Synaspismos femte kongress i 2008 vart han vald til president for dette partiet. I ein alder av 33 år vart han med dette den yngste som nokon gong hadde vorte vald som den fremste i eit parlamentarisk politisk parti i Hellas.
Etter at parlamentsvalet 25. januar 2015 gav partiet SYRIZA 36,34 prosent av røystene og 149 mandat i parlamentet, altså nesten halvparten av dei 300 plassane, vart Tsípras statsminister i Hellas frå 26. januar 2015.