For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Aladdin (fleirtyding).

Aladdin (uttala al'addin) er helten i eitt av eventyra i Tusen og ei natt. Han er ein fattig skreddarson, lat og udugeleg, som ein trollmann i Kina tek hand om for at han skal hente ei kopparlampe opp av ei grotte. Når ein gnir på lampa, blir ein ånd mana fram, som gjer alt eigaren ber om og skjenker han alt han kan ønskje seg. Aladdin tek lampa med seg, gjer lukka si ved hjelp av henne og blir konge i landet.

Trollmanen stengjer Aladdin inne i den magiske grotta.

Motivet er mellom anna brukt av Adam Oehlenschläger i lystspelet Aladdin eller Den forunderlige Lampe (1805). I diktet Prins Aladdin af Lampan brukte også Gustaf Fröding Aladdin-stoffet, som dessutan har inspirert ei rekkje tonekunstnarar. Operaer om Aladdin er skrivne av mellom andre Nicolas Isouard (urpremière i Paris 6. februar 1822), Henry R. Bishop (London 29. april 1826), Christian F. E. Horneman (København 28. november 1888), Knut Atterberg (Stockholm 18. mars 1941) og Nino Rota (Napoli 13. januar 1968). Eitt av dei mest kjente moderne verka om helten er Disney-filmen Aladdin frå 1992.

Kjelder endre