Alan Shearer

britisk fotballspelar

Alan Shearer (fødd 13. august 1970) er ein engelsk tidlegare fotballspelar kjend for ei rekke målskåringar. Shearer er fødd i Newcastle, og avslutta spelarkarriera si for fotballklubben Newcastle United.

Alan Shearer
Personleg informasjon
Fødd 13. august 1970 (53 år)
Fødestad Newcastle
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1992
1992–1996
1996–2006
Southampton
 Blackburn Rovers
 Newcastle United
118 (23)
138 (112)
303 (148)
Landslag
1992–2000 England 63 (30)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Shearer har spelt 63 landskampar for England og skåra 30 mål. I England spelte han for Southampton, Blackburn Rovers og Newcastle United. Han blei toppskårar i engelske Premier League tre sesongar på rad, 1994-1997. Sesongen 1994/95 blei også klubben hans, Blackburn, seriemeistrar. I debutkampen sin for Southampton mot Arsenal blei Shearer den yngste ekte hat trick-skåraren i engelsk toppfotball.

Merittar

endre
  • Engelsk ligameister: 1995 med Blackburn Rovers
  • Finalist i FA-cupen: 1998 og 1999 med Newcastle United

Kjelder

endre
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.