Albert Welti (18. februar 18627. juni 1912) var ein sveitsisk kunstmålar og raderar.

Familiebilete, 1903
Albert Welti

Statsborgarskap Sveits
Fødd 18. februar 1862
Zürich
Død

7. juni 1912 (50 år)
Bern, Zürich

Yrke kunstmålar, gravør, raderer, grafikar
Språk tysk
Albert Welti på Commons

Welti var frå Zürich, der far hans var fraktemann. Sjølv studerte han ved kunstakademiet i München. Han vart påverka av Arnold Böcklin sin kunst. Tema som går att i verka hans er skildringar av draum og mareritt. Hans mest kjente verk er veggmåleriet Die Landsgemeinde, som prydar sørveggen i tingsalen på parlamentsbygninga i Bern. Verket vart fullført to år etter han døydde, av William Balmer. Welti var ein nær venn av Hermann Hesse. Han døydde i Bern.

Albert Welti var far til forfattaren og målaren Albert J. Welti, onkel til Arthur Welti og oldefar til Sophie Hunger.

Folkeforsamlinga (Die Landsgemeinde), 1912



Bakgrunnsstoff endre