Aldin Grout (2. september 180312. februar 1894) var ein amerikansk misjonær som truleg er mest kjend for si misjonsverksemd i Zululand.

Aldin Grout
Fødd 2. september 1803
Død

12. februar 1894 (90 år)

Yrke misjonær

Grout var fødd i Pelham i Massachusetts i USA. Han gifta seg med Hannah Davis i november 1834 og reiste til Kappkolonien for American Board for Foreign Missions ein månad seinare.

I Zululand fekk han bygd sin første misjonsstasjon kalla Ginani i 1836. Denne stasjonen vart øydelagd i striden mellom zuluarar og boarar, og han fekk bygd ein ny stasjon kalla Inkanyezi i 1841. Den siste stasjonen vart så populær at kongen såg han som eit trugsmål mot kongemakta (han vart til ein stat i staten), Grout måtte difor rømma frå Zululand i 1842. Han døydde i Springfield.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra