Aleksandr Legkov

Aleksandr Gennadjevitsj Legkov (fødd 7. mai 1983) er ein russisk langrennsløpar frå Krasnoarmejsk i Moskva oblast. Han vann Tour de ski i 2013 og vart nummer to i verdscupen i langrenn same sesongen.

Aleksandr Legkov

Aleksandr Legkov by Ivan Isaev from Russian Ski Magazine.JPG

Verkeleg namn Александр Геннадьевич Лёгков
Statsborgarskap Russland
Fødd 7. mai 1983 (39 år)
Krasnoarmejsk
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 50 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015

Utmerkingar

Venskapsordenen

AktivEndra

Legkov fekk sin meisterskapsdebut under ski-VM 2005 i Oberstdorf, med ein 48. plass som best. Året etter deltok han i vinter-OL i Torino og vart nummer 20 på femmila.

«Tour de ski» 2006/07 vart Legkovs store gjennombrot, der han enda på andreplass, slått einast av tyske Tobias Angerer. To veker seinare tok han sin første siger i verdscupen, ein 30 km fellesstart fristil i Rybinsk. Under ski-VM 2007 fekk han ein sølvmedalje med Russland sitt stafettlag.

Legkov vann sitt andre verdscuprenn i Lahti i mars 2009, ein 15-kilometer i fristil og den tredje på «mini-touren» i Kuusamo i november 2010. Hans fjerde verdscupsiger kom 6. januar 2013 då han sikra seg sigeren i «Tour de ski», som aller første russar. Seinare i sesongen vann han 50 km i Holmenkollrennene. Han tok bronsje med det russiske stafettlaget i ski-VM 2013.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar