Alena Lanskaja

belarusisk songar

Alena Lanskaja (fødd 7. september 1985) er ein kviterussisk songar.

Alena Lanskaja

Fødd7. september 1985 (38 år)
FødestadMahiljow
OpphavBelarus
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarMerited Artist of the Republic of Belarus, Blagodarnost Prezidenta RB

Slavianski Bazaar in Vitebsk

endre

I 2011 representerte Alena Lanskaja Kviterussland i Slavianski Bazaar in Vitebsk og vann.[1]

Eurofest 2012

endre

Ho deltok i semifinalen i EuroFest 2012 med songen «All My Life» og gjekk vidare til finalen der ho vann med tolv poeng frå sjåarane.

24. februar 2012 vart det kunngjord at songen vart diskvalifisert etter at den kviterussiske presidenten gjennomførte ei undersøking og fann ut at sigeren ikkje var rettferdig. Det var rykte om at produsentane hadde gjord slik at ho skulle få tolv poeng frå sjåarane. For å få svar på påstandane vart det sett i gang ei etterforsking og det vart seinare stadfesta at det var juksa med poenga frå sjåarane.

Eurofest 2013

endre

7. desember 2012 vann ho Eurofest 2013 med songen «Rhythm of Love». Ho fekk dimed representere Kviterussland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[2]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Наважылава, Вольга (2011). «Як «саламяная дзяўчынка» стала «белай ластаўкай»» (PDF). Бярозка (på belarusisk) (6 (1000)): 57–61. ISSN 0320-7579. Arkivert frå originalen (PDF) 14. mars 2020. Henta 14. mars 2020. 
  2. «Ten singers in the final of Belarus» (på engelsk). Eurovision.tv. 31. oktober 2012. Henta 1. november.