Aléxis Tsípras

gresk politikar
(Omdirigert frå Alexis Tsipras)

Aléxis Tsípras (fødd 28. juli 1974) er ein gresk politikar og statsminister i Hellas frå 2015 til 2019. Han er leiar for det politiske partiet SYRIZA.

Aléxis Tsípras

FøddΑλέξης Τσίπρας
28. juli 1974 (49 år)
Aten
Statsborgar avHellas
PartiSYRIZA
Yrkepolitikar, statsmann, sivilingeniør
Utdanna vedDet nasjonale tekniske universitetet i Athen
EktefelleBetty Batziana
MedlemFirst Cabinet of Alexis Tsipras
Second Cabinet of Alexis Tsipras
VervStatsminister i Hellas 21. september 2015-
FøregangarVassiliki Thanou
VervStatsminister i Hellas 26. januar 2015-27. august 2015
EtterfylgjarVassiliki Thanou
FøregangarAntonis Samaras
Alle verv
  • Hellas’ statsminister (2015–2015)
  • medlem av det greske parlamentet (2008–2023)
  • opposisjonsleder i Hellas (2012–2015)
  • Hellas’ statsminister (2015–2019)
  • medlem av det greske parlamentet (2015–2023)
  • opposisjonsleder i Hellas (2019–2023) Sjå dette på Wikidata

Tsípras er fødd i Aten, vart utdanna i 2000 som sivilingeniør på det nasjonale polytekniske universitetet i denne byen, Εθνικό Μετσόβιο Πολυτεχνείο. Han held deretter fram med studiar i arealplanlegging ved dette universitetet samstundes som han arbeida som bygningsingeniør.

Frå slutten av 1980-åra hadde Tsípras vorte oppteke av politikk og engasjerte seg i den greske ungkommunistrørsla. På byrjinga av 1990-talet var han politisk aktiv i elevmotstanden mot den kontroversielle lovgjevinga som dåverande minister for utdanning og religiøse spørsmål, Vasilis Kontogiannopoulos, stod bak. Som universtetsstudent var han likeeins aktiv på venstresida i studentpolitikken og mellom anna tillitsvalt til sentralkomiteen i den nasjonale greske studentunionen.

I 1999 vart Tsípras vald som sekretær i ungdomsorgansisasjonen til det politiske partiet Synaspismos, «Venstrekoalisjonen for folkerørsler og økologi», eit gamalt politisk parti som tok part i den radikale venstrealliasen SYRIZA som det største partiet i alliansen. På den fjerde kongressen til Synaspismos i desember 2004 vart han vald inn i den sentrale politiske komiteen i partiet, og fekk med utdanning og ungdomspolitikk å gjere. I lokalvalet i 2006 stilte han som ordførarkandidat i Aten på lista Open by (Ανοιχτή Πόλη), støtta av Synaspismos og heile SYRIZA-alliasen. Dette var Tsípras eigenlege debut på den ordinære politiske arenaen. Under partiet Synaspismos femte kongress i 2008 vart han vald til president for dette partiet. I ein alder av 33 år vart han med dette den yngste som nokon gong hadde vorte vald som den fremste i eit parlamentarisk politisk parti i Hellas.

Etter at parlamentsvalet 25. januar 2015 gav partiet SYRIZA 36,34 prosent av røystene og 149 mandat i parlamentet, altså nesten halvparten av dei 300 plassane, vart Tsípras statsminister i Hellas frå 26. januar 2015.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre