Alexios I Komnenos

(Omdirigert frå Alexius I Comnenus)

Alexios I Komnenos (104815. august 1118) var ein austromersk keisar frå 1081 til 1118 og den tredje sonen til Johannes Komnenos. Alexios klarte å utvida Austromarriket, først på eiga hand mot dei rivaliserande tyrkiske stammene, og seinare med hjelp frå det første krosstoget frå Vest-Europa. Han er nemnd i islendingesogene under namnet Kirjalax, ei forvrenging av Kyrie Alexie, herre Alexios. Det kan tyde på at væringane ikkje lærte seg gresk.[1]

Alexios I Komnenos

Keisar av Austromarriket
Regjeringstid1081-1118
Fødd1048
FødestadKonstantinopel
Død15. august 1118
DødsstadKonstantinopel
Gift medIrene Doukaina
DynastiHuset Komnenos
FarJohn Komnenos
MorAnna Dalassene
BornAnna Komnena, Maria Komnene, Johannes II Komnenos, Andronikos Komnenos, son av Alexios I, Isaac Komnenos, Eudokia Komnene, Theodora Komnene Angelina, Barbara Komnena

Kjelder endre

  1. Mats G. Larsson (1991). Väringar: Nordbor hos kejsaren i Miklagård. s. 91. 
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.