Alf Ramsey

britisk fotballspelar

Sir Alfred («Alf») Ernest Ramsey (fødd 22. januar 1920 i Dagenham i Essex, død 28. april 1999 i Ipswich) var ein engelsk fotballspelar og fotballtrenar, best kjend for å ha vunne gull som engelsk landslagstrenar i fotball-VM 1966. Som aktiv spelar var han ein dugande høgreback, og vart mellom anna engelsk ligameister med Tottenham Hotspur sesongen 1950/51.[1] I perioden 1948-1953 spelte Ramsey til saman 32 landskampar for det engelske landslaget.

Alf Ramsey i 1969

I 1963 vart han tilsett som landslagstrenar for England etter Walter Winterbottom. Trass i låge forventingar motiverte han laget fram til siger i verdsmeisterskapen i fotball i 1966, etter å ha vunne 4–2 over Vest-Tyskland i finalen. Han vart slegen til riddar i 1967, og heldt fram som trenar for landslaget til 1973.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Solheim, Tor Håkon: «Alf Ramsey» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. juli 2020
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.