Alggajavrre
Alggajavrre er ein innsjø på grensa mellom nasjonalparkane Padjelanta og Sarek, med plassering ved munningen av Alggavagge i Lappland i Sverige. Innsjøen er ofte vitja av turgåarar på tur inn og ut frå Sarek, og har to robåtar tilgjengeleg, som gjer det mogeleg å forsere denne utan å måtte vade ved Miellädno eller Alep Sarvesjåhkå.
Alggajavrre | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Bottenvika vassdistrikt | ||
Alggajavrre 67°19′36″N 17°14′27″E / 67.32665°N 17.24096°E | |||
Wikimedia Commons: Álggajávrre |
Ved nordenden av innsjøen står det eit lite steinkapell.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alggajavrre» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2012.