Ali-Asghar Bahari

Ali-Asghar Bahari (190510. juni 1995) var ein persisk kamandjehspelar frå Teheran.

Ali-Asghar Bahari
Verkeleg namn علی اصغر بهاری
Fødd 1905
Teheran
Død

10. juni 1995 (90 år)
Teheran

Yrke musikar, universitetslærar

Bahari var fødd i Teheran medan foreldra hans var frå Bahar. Han lærte å spela kamandjeh av bestefaren sin Mohammad Taghi Khan, og seinare av morbrørne sine Akbar, Reza og Hassan. Hans første store suksess var med Ebrahim Khan Mansouri sitt orkester som attenåring.

Bahari starta sin eigen musikkskule i Mashhad. Seinare flytta han tilbake til Teheran og underviste i kamandjehspel i Honarestan under Ruhollah Khaleghi. Han var også professor i musikk ved Universitetet i Teheran i nokre år.

Bahari spelte med kjende iranske musikarar som Hossein Tehrani, Ahmad Ebadi og Abolhasan Saba. Jan turnerte i Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, England og USA.

Han døydde i Teheran.

KjelderEndra