Almagellhorn er eit 3 327 meter høgt fjell i Weissmiesmassivet i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg på austsida av dalen Saastal, færre enn fem kilometer sør for toppen av Weissmies, og er den dominerande fjelltoppen opp for Saas-Almagell. Nord for fjellet ligg Almagellertal, i sør Furggtälli.

Almagellhorn
fjell
Almagellhorn frå Saas Fee
Land  Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 3 337 moh.
Koordinatar 46°05′13″N 7°59′40″E / 46.08694°N 7.99444°E / 46.08694; 7.99444
Kart
Almagellhorn
46°05′13″N 7°59′40″E / 46.086944444444°N 7.9944444444444°E / 46.086944444444; 7.9944444444444
Wikimedia Commons: Almagellerhorn

Greiaste vegen til topps på Almagellhorn går frå Furggstalden opp vestsida av fjellet. Turen tek om lag 3½ timar. Alternativt kan ein klive til topps frå Saas-Almagell langs vestnordvest-ryggen. Denne turen tek i kring 4½ timar.

Kjelder endre