Almagest
Almagest er hovudverket til astronomen Klaudios Ptolemaios frå Alexandria frå 100-talet og den viktigaste kjelda til kunnskapen vår om astronomisk forsking i antikken. Tittelen kjem frå arabarane, som oversette verket i 827. Det opphavlege greske namn var Megále syntaxis (Det store systemet), megále vart seinare til megíste (største) som, med den arabiske artikkelen føre vart forvanska til Al mágisti. Verket består av i alt 12 bøker som omhandlar forskjellige tema.
Verket handlar om den tilsynelatande rørsla til stjernene og planetane og var akseptert i meir enn tolv hundre år fram til Kopernikus.
Kosmos i følgje Ptolemaios
endreKosmologien i Almagest består av fem hovudpunkt, kvart av dei er eit eige kapittel i Bok 1.
- Himmelen er sfærisk og flyttar seg som ein sfære.
- Jorda er ein sfære.
- Jorda er i sentrum av kosmos.
- Jorda, i forhold til fiksstjerner, har ikkje noko storleik og må handsamast som eit matematisk punkt.[1]
- Jorda flyttar seg ikkje.
Kjelder
endre- Almagest. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Almagest.
- Denne artikkelen bygger på «Almagest» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ptolemaios. Almagest., Book I, Chapter 5.